Salmos 101

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB)

1 Av David; ein salme. Um miskunn og rett vil eg syngja; deg, Herre, vil eg lova.

2 Eg vil agta på den ulastande veg - når kjem du til meg? Eg vil vandra i mitt hjartans uskyld i mitt hus.

3 Ikkje set eg meg for augo nidingsverk, å gjera misgjerd hatar eg, slikt heng ikkje ved meg.

4 Eit rangsnutt hjarta skal vika frå meg, vondt vil eg ikkje vita av.

5 Den som løynleg lastar sin næste, han vil eg tyna; deim med stolte augo og ovmodigt hjarta kann eg ikkje tola.

6 Mine augo ser på dei trugne i landet, for eg vil dei skal bu hjå meg; den som vandrar på ulastande veg, han skal tena meg.

7 I mitt hus skal ingen få bu som fer med svik; den som talar lygn, skal ikkje standa for augo mine.

8 Kvar morgon vil eg tyna alle ugudlege i landet, so eg kann rydja ut or Herrens by alle ugjerningsmenner.

Ler em outra tradução

Comparar lado a lado

Estude este capítulo no WhatsApp

Peça à IA da Bíblia Fala para explicar Salmos 101, comparar traduções ou montar um estudo — tudo direto pelo WhatsApp.